31.10.07

Puslespel igjen

Ferdig med puslespelet lørdag 10. november klokka 23.20. HURRA!



Dette er puslespelet sånn det ser ut i dag 31. oktober 2007.
Det blir siste bilde før det er ferdig og skal rasast og leggast tilbake i boksen sin. Det skal blir godt å få tilbake spisebordet og ha fullført eit så stort prosjekt. Tar ikkje fatt på fleire slike, men er litt stolt over å ha kome så langt.
Eg har ikkje tatt inn georginer, gladiolar og skaugumar frå hagen ennå, så det blir neste prosjekt.

28.10.07

Oppskrift på kringle .

Oppskrifta har eg fått av Marie Ruud som er ei god veninne som var født på ST. Hans afta i 1920 og døde desember 2006. Ei flink sydame og husmor frå Emblemsvåg ikkje så langt frå Ålesund, men budde seinare på Mysen der eg var kjent med ho.

Sett ovnen på 250 grader.
Bland 300 gram sikta kveitemjøl,
1 ss sukker og
50 gram ferskgjær (som skal pressast gjennom sikt sa Marie)
2 ss smør smeltast
blandast i 2 dl melk.
Pisk 1 egg litt og ha det opp i melkeblandinga.
Bland alt godt i kjøkkenmaskin.
Så skal 150 gram margarin/smør kjevlast inn i 3 omgongar.
Kjevla ein avlang leiv. Legg skiver med smør (bruk ostehøvel) i midten av leiven. Brett inn frå begge endar. Kjevla ut til avlang leiv igjen og gjenta dette 2 gonger til.
Kjevla ut til avlang leiv igjen. Strø på sukker og rosiner og rull han saman til ei pølse. Del opp i ca. 24 emner som du legg som ei kringle på smurt brett (bruk ikkje bakepapir pga sterk varme). Hev i 15 minutter. Steik i ca. 10 minutter. Marie slo av varmen etter 10 miutter og lot kringla stå 5 minutter til i ovnen. Serverest nysteikt er i alle fall same dag som ho er steikt.
Syns du det manglar litt av kringla, har du heilt rett. Rune og eg måtte prøvesmake til søndagsfrukosten - før eg rakk å ta bilete. Det smaka knallgodt. Det er berre søtsaker som smakar meg for tida etter ein sterk halsinfeksjon: kakao, cultura med pæresmak, sjokolade og kaker smakar slik det skal i motsetnad til alt anna.