26.8.07

Det er og viktig å sitje godt.



Hvilestol.
Synke ned i gammelt vennskap
støtte for rygg og armer
lene seg tillbake i det velkjente
hvile i en nærhet.

Veit ikkje kven som har skrive dette, men fant det ein eller annan plass ein gong. Rune har teikna og eg syns det er så flott og godt å ta fram.

19.8.07

Pøbel Eddi Eidsvåg sitt brytebrød.

500 gram revet gulrot
1/2 liter surmelk
1/2 liter vann
50 gram gjær
100 gram hakka mandler
100 gram hakka hasselnøtter
100 gram semulegryn
200 gram margarin, mykt eller smelta (står i oppskrifta, men mindre går helt fint. Olje kan du og bruke hvis du vil).
1/2 kg sammalt grov hvete
15 gram salt
10 gram aroma krydder (bruker jeg ikke for jeg vet ikke hva det er)
1 1/2 kg hvetemel (eller slik at deigen blir passe fast til å trille ut)

Bland alt sammen og kjør det i maskin i 6 min. Hev til dobbel størrelse. Trill ut til boller som settes litt tett på plate. Etterhev i 30 min. Steiking 200 grader i 30 - 40 minutter.
Det smaker ganske snadder. Lykke til.

Og etterpå sjekker du denne nettadressen.
http://www.pobelprosjektet.no/


13.8.07

Bjørnebærpai


Bjørnebærbusken er ei flott plante som krev mykje plass (meir enn min hage tåler) og har nydelege bær på hausten. Her er oppskrift på ein god pai som kan serverast varm/lun med is til på ein varm sommardag ute. Paien er fin å frysa. Oppskrifta har eg fått av syskenbarn Marta i Litledalen i Etne og har gjort stor suksess er hjå oss. Bjørnebær får eg hjåmor og far som har planten både i drivhus og på friland. Paien kan og lagast med eple eller anna bær og frukt.
Lukke til

350 g mjøl
200 g sukker
2 ts bakepulver
200 g - mjuk marg som smuldrast i, eller smeltast og blandast i
1 egg til slutt
Klapp 2/3 (litt meir) av deigen i botnen og oppover sidene av ei paiform. Fyll med vaniljekrem 1/2 pakke ferdig krem og 3 -5 dl bjørnebær. Lag lok av resten av deigen og legg det over.
Steiking: 200 gr. i 35 - 40 min.

Gjestebok for hyggelige hilsener.



Hei alle sammen.
Trodde bildet av min supre svoger skulle gi alle mine venner lyst til å skrive en liten hilsen til meg. Blir dere ikke i godt humør bare av å se på denne kjekke mannen?
Her kan hvem som helst legge inn en hilsen til meg uten å kommentere noen spesielle innlegg. Bare kjekt for meg å vite om dere har vært innom og kikket. Jeg venter i spenning. Så er det så mange som har etterlyst et bedre bilde av Liv som var med meg til Cascais. Her sitter hun solbrun og fin i stuen vi leide i Pelikanpalasset , Casa Dos Pelicanos. Klem fra Marie.

6.8.07

Puslespel

Joda, eg e goe! Nå e det bare den umulige himmelen igjen, før alle brikkene skal tilbake i øskja si.
Puslespelet 19. august. Ka du trur - blir eg ferdig til jul eller................



Eg har alltid likt å leggje puslespel, men vart litt bleik då eg pakka opp julepresang frå Rune som var eit puslespel med 4000 brikker. Han meinte vel at då vart det stilt på meg ei stund. Heldigvis har Gunn vore innom og pusla og ikkje minst sett mot i meg . Ho trudde eg ville bli ferdig til sommarferien, men så langt som dette kom eg altså. Nå er det å bli ferdig til jul som er målet. Er det andre som lid av same galskapen, er det berre å stikke innom. Olaug og Knut Ragnar har vore her og pusla. Dei var kjempeflinke.

5.8.07

På ferie i Cascais i Portugal sommaren 2007

Her er tante Kitti og mor. Visst du lurer på kva dei har å gjera under dette innlegget om ferie i Portugal, kan du berre fortsetje å lese. Men på bildet under ser du Liv og meg som drog saman på ferie i år. Me reiste for pengane me hadde fått til 50-års dagane våre. Denne dagen dagen hadde me kledd oss likt, men det var berre ein tilfeldighet.

Her er bilde frå stranda "vår". Huset i bakgrunnen var ein fryd for auge. Barnhage- og skuleklassane som kom til stranda kvar morgon, var eit festleg studie i leik og disiplin i varierande grad. Og bak oss ligg Atlanterhavet..... Langt ute kan du skimte seglbåtar som var med på VM i segling i Cascais dei første dagane me var der. VM vart avslutta med eit kjempemessig fyrverkeri som me dessverre berre høyrde lyden av etter me hadde lagt oss.

Å bada i Atlanterhavet var godt og kjølende når ein berre hadde vore uti ei stund. Det var mange flotte blomar å sjå i Cascais. Her er Plettede Skjønnhet som er ein potteplante her i Norge. Den planten har tante Kitti tatt vare på etter mi farmor og gitt han vidare til andre i familien . Det var derfor spesielt stort for meg å finne denne flotte planten på ein restaurant i Portugal. Det er den med store blad med lyse prikker på. Skal heim til mor og ta bilde av dei ho har hjå seg. Dei trives best på soverommet for dei likar ikkje sollys??? Litt rart at dei då trives i Cascais der det ellers var både tørt og varmt.
Og under ser du same plante heime hjå mor. Han er bevart i form av avleggarar av tante Kitti sidan farmor døde. Desse damene - alt dei får til.