5.8.07

På ferie i Cascais i Portugal sommaren 2007

Her er tante Kitti og mor. Visst du lurer på kva dei har å gjera under dette innlegget om ferie i Portugal, kan du berre fortsetje å lese. Men på bildet under ser du Liv og meg som drog saman på ferie i år. Me reiste for pengane me hadde fått til 50-års dagane våre. Denne dagen dagen hadde me kledd oss likt, men det var berre ein tilfeldighet.

Her er bilde frå stranda "vår". Huset i bakgrunnen var ein fryd for auge. Barnhage- og skuleklassane som kom til stranda kvar morgon, var eit festleg studie i leik og disiplin i varierande grad. Og bak oss ligg Atlanterhavet..... Langt ute kan du skimte seglbåtar som var med på VM i segling i Cascais dei første dagane me var der. VM vart avslutta med eit kjempemessig fyrverkeri som me dessverre berre høyrde lyden av etter me hadde lagt oss.

Å bada i Atlanterhavet var godt og kjølende når ein berre hadde vore uti ei stund. Det var mange flotte blomar å sjå i Cascais. Her er Plettede Skjønnhet som er ein potteplante her i Norge. Den planten har tante Kitti tatt vare på etter mi farmor og gitt han vidare til andre i familien . Det var derfor spesielt stort for meg å finne denne flotte planten på ein restaurant i Portugal. Det er den med store blad med lyse prikker på. Skal heim til mor og ta bilde av dei ho har hjå seg. Dei trives best på soverommet for dei likar ikkje sollys??? Litt rart at dei då trives i Cascais der det ellers var både tørt og varmt.
Og under ser du same plante heime hjå mor. Han er bevart i form av avleggarar av tante Kitti sidan farmor døde. Desse damene - alt dei får til.

Ingen kommentarer: